Danvik FHS: Dovydas Miliauskas

Dovydas Miliauskas er fotograf, klipper og student ved Danvik Folkehøgskole. Her kan du bli litt kjent med både han og studietilværelsen ved skolen.

Om Studenten
Eg vil sjå på meg sjølv som veldig ambisiøs. Eg tenker alltid litt for stort, og tar gjerne litt store jafs om gangen. «Skal eg gjøre noko, så skal eg gjøre det ordentlig» tenker eg ofte. Det er litt tosidig, men eg synast det er gøy å utfordre seg sjølv når ein jobber med film. Ha store mål, sikte høgt og gjøre alt for å nå de store måla. For det er de største tabbene mine som har ført til at eg lærer mykje. Den friheten Danvik hadde å tilby når eg skulle søke etter vidaregåande, likte eg veldig godt! Eg fekk prøve meg på alt eg ville. Eg lærte meg å bruke glidecam-riggen min, som eg hadde liggende, men så og sei aldri brukt. Eg lærte å skjønne meg på Final Cut X (de som har prøvd, veit kva eg meiner!) Eg fekk utvikla ein stil på bilda mine, som folk kjente igjen når de såg de. «Ah, det der har Dovydas filma!». Den moglegheita å kunne leike seg og faktisk risikere eit heilt prosjekt for å prøve ut noko nytt, var det 100% åpent for på Danvik. Det opplevde eg som veldig viktig når eg skulle utvikle meg som filmfotograf.



Om Utdanningen

I løpet av året får ein mulighet til å prøve seg på alle de forskjellige rollene i ein filmproduksjon. Sjølv hadde eg eit ønske om å utvikle meg som fotograf, og valgte å gjøre det på alle prosjektene eg var med på. Ein må gjennom to «hovudprosjekt» som kan reknes som «semesteroppgåver» i løpet av året. De er større oppgåver der ein jobber gruppevis over ein lenger periode med kun ein film. Mellom de to prosjektene kjem det eit par mindre prosjekt der lærarane utfordrer elevene til å tenke litt annerledes når det kjem til fortellerteknikk. Det vert arrangert workshops, og foredrag av erfarne filmskaparar. Og kvart år drar filmklassen til filmfestivalen i Berlin for å oppleve, og sjå kva den verkelege filmverda har å by på.

Livet på Danvik FHS
Kvardagen på skulen er veldig spesiell. Vi er rundt 130 som bur på internatet på skulen, fordelt på de forskjellige linjene som er der. Vi er sammen nesten heile tida, og blir veldig fort knytta til kvarandre. I løpet av året arrangerte elevene festkvelder og events som gjorde året minnerikt! Danvik er på ein måte si eiga boble i Drammen. Vi var ein kreativ gjeng fordelt på fleire linjer, noko som førte til eit supert samarbeid når det kom til filmproduksjoner mellom skodespelar- og filmklassen, for å nevne eit eksempel.

Hvordan kommer man inn?
For å komme inn på Danvik, er det i grunn berre å søke. Ein må ha generell studiekompetanse, og selfølgelig ei interesse for linja ein ønsker å søke seg inn på! Ingen vil jo jobbe med ein umotivert klassekamerat!

Livet etter skolen?
Etter året på Danvik, valgte eg å gå 2. året òg, som er eit praksisår Danvik tilbyr. Det praksisåret hadde eg hos Catapult Film i Drammen, noko som førte til at eg fekk fast jobb der, og jobber no dagleg med filmproduksjon. Målet videre er vel å etterkvart søke seg inn på filmskulen i Lillehammer, og bygge vidare på den kunnskapen eg har.

Noen bilder: